– Smølakonferansen er ein god arena for å møte næringslivet i regionen, høyre innspela deira og sjå korleis vi saman kan vidareutvikle sjømatnasjonen Noreg. Nordmøre er ein viktig region for sjømatnæringa og maritim sektor, med arbeidsplassar og verdiskaping som er heilt avgjerande for lokalsamfunna. Eg ser fram til å møte aktørar og studentar, og diskutere korleis vi kan jobbe saman for å styrkje næringane, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Program onsdag 27. august

09:30    Innlegg og deltaking på Smølakonferansen (Stad: Vestsideveien 1924, Smøla)
13:00 Besøk ved Nekton visningssenter for bærekraftig havbruk (Stad: Vestsideveien 3490, Smøla)
15:00 Besøk og omvising på Campus Kristiansund, med vekt på maritime fag (Stad: Fosnagata 12, Kristiansund)

Med atterhald om endringar

Kontaktperson: Fung. kommunikasjonssjef Emil Bremnes, tlf. 478 81 719, e-post ebr@nfd.dep.no